Hjem
Oversiktsbilde med fiskekortutsalg.

 

Minner om garnfreding 15 sep. til 15 okt.

Det er i denne perioden ikkje lovleg å bruke setjegarn.

Gjeld heile vatnet, og det blir ikkje gjeve dispensasjon.

 

Snipsøyrvatnet er eit vatn som ligg i Hareid kommune i Møre og Romsdal.

 

Beliggenhet: Snipsøyrdalen i Hareid kommune i Møre og Romsdal

Areal overflate: ca 3,19 km2

Høgde over havet: ca 23,5 m.o.h.

Omkrets ved fjøra: ca 12,48 km

Lengde: ca 4,56 km (på det lengste)

Breidde: ca 980 meter (på det breiaste)

Krumming: Jorda si krumming gjer at snipsøyrvatnet er 30,4 cm høgare

på midten enn i endane om du strekk ut ei rett line frå ende til ende.

Djupne: Usikkert, men det blir sagt ca 34 meter.

Holmar i vatnet: Storholmen, Lisjeholmen og Steinholmen.

Elveinnløp: Nessetelva, Holeelva, Trollelva, Gjerdeelva og nokre andre bekkar.

Elveutløp: Til Kaldholelva, del av Hareidsvassdraget.

Fiskeslag: Aure, røye, ål, stingsild.

 

Vatnet er delvis ein del av Grimstadvatnet naturreservat i sørlege enden av vatnet. Vern av fuglelivet er ein del av dette reservatet. Rundt vatnet nedfor veien er det fuglefredningssone. Snipsøyrvatnet vart for nokre år sidan ranka som eit av dei beste fiskevatna i landet, på grunn av fangst av stor aure, og det vart igjen i 2010 meldt om fangst av storaure her. Vatnet har ein bra bestand av aure og røye.

 

Vatnet vart på kart frå slutten av 1800-talet namngjeve med Hovdevandet. Vatnet har ei badestrand, Holesanden, i nordenden av vatnet, samt fleire mindre strender og badeplassar rundt i kring vatnet. På vestsida, ved Nesset-elva, er der eit natur og fritidsareal, som blir brukt av skular, speidarar og andre foreningar, og arealet egnar seg godt som teltplass for dei som vil det.

Her kan du vere med på ein biltur rundt vatnet!

Copyright © All Rights Reserved